MediaWiki:Optin-improvements/nn

From translatewiki.net

!!FUZZY!!== Kva er vorte betra? ==

Skjermbilete av dei nye navigeringsfanene
Skjermbilete av dei nye navigeringsfanene
Betra navigasjon

Det nye navigasjonssystemet gjer det enklare å sjå kvar du er og kva du gjer, i tillegg til kvar du kan gå og koss du kan koma deg dit. Med søkjeboksen plassert oppe i høgre hyrnet er søkjefunksjonen enklare å finna og kjappare å nytta.

Skjermbilete av den betra verktylinja
Skjermbilete av den betra verktylinja
Betra verktylinja

Nye og betra ikon gjer det klårare kva handlingar kvart einskilde verkty utfører. Utvidbare seksjonar reduserer rot, medan verkty som vert nytta lite stadig berre er eit klikk unna. Hjelpeseksjonen gjev kjappt tilgjenge til informasjon om vanleg nytting av wikisyntaks.

Koss verta involvert

For å læra meir om prosjektet eller for å verta involvert, sjå wikien til brukarvenlegheitsinitativet. Der vil du finna informasjon om stipendiatet vårt, forskinga, designet og utviklinga vår og utgjevingar. For å koma med spørsmål eller gje generell tilbakemelding, nytt diskusjonssida til prototypen. For å ta opp spesielle emne, sjå dei assosierte diskusjonssidene. Om du finn programfeil, gje oss gjerne ein lyd på diskusjonssida til utgjevinga av Babaco eller nytt Bugzilla.

Me takkar og ser fram til å høyra frå deg.