Er "hugs" feil?

Er "hugs" feil?

Meinar du, Njardarlogar med siste versjon, å seie at «hugs» er feil i denne samanhengen? Hugs at det eg gjorde var å omgjera di endring 18. april. Du har ikkje adressert argumenta mine i endringssamandraget.

Guttorm Flatabø (talk)09:53, 8 November 2012

Nei, endringa mi var ei oppdatering av meldinga som då var merkt som utdatert. Meldinga er i den nye utforminga mykje annleis enn ho var før, og soleis kan det ikkje vera noko kontroversielt med å innføra ny målform. Det du gjorde var å byta imperativsform, ikkje gjera om endringa mi. Det eg freista seia med lenkja er at både «hugs», «hugsa» og «hugse» er like rette som imperativsformer etter gjeldande rettskriving.

Meiner du at det ikkje er bra med to a-ar etter kvarandre? Eller at bydeform ikkje passar framfor «at»?

Njardarlogar (talk)10:23, 8 November 2012

Den delen av endringa der du endra til «hugsa» var lik før 18. april, viss den uskrivne regelen skal ha noko å seie så må han gjelde i eit slikt tilfelle. Den utløysande årsaka til endringa var nok at eg tykkjer det blir krøkkete med to a-ar etter kvarandre, men som eg skreiv på Nynorsk Wikipedia så tykkjer eg heller ikkje MediaWiki sitt grensesnitt er staden å føre kamp for «tradisjonell nynorsk», noko du ser ut til å gjera. Eg tykkjer brukarane, som kjem frå alle krinkar og krokar av «nynorskens skog» bør kunna føla seg heime, og då blir det ikkje rett med ein slik nynorsk som du ser ut til å villa fremja. Den originale omsetjinga er det Olve Utne og eg som står for, og eg meiner han prøvde å halda seg til for eksempel kløyvd infinitiv av denne grunn.

Guttorm Flatabø (talk)12:35, 8 November 2012

Meldingane lyt ha konsekvent val av målform. Ein kan ikkje lata éin del av meldinga vera på ei anna form enn resten. At det berre er éi imperativsform i denne meldinga endrar lite på dette.

Tek eg ikkje i miss, so kjem Olve Utne frå ein stad der målføret nyttar kløyvd infinitiv. Eg meiner kløyvd infinitiv vil gje ei tydeleg overvekt av e-mål. For det fyrste endar dei fleste verba med kløyvd inifinitiv på -e. Frå før kan ubunden form eintal og bunden form fleirtal av linne hokjønnsord berre enda på -e (ei kjelde, ei side; kjeldene, sidene). Ei rad adverb og minst eitt vanleg småord kan berre enda på -e (gjerne, heime, dette osb.).

Det finst argument for å nytta tradisjonell nynorsk ut av reint praktiske grunnar. Nyttar ein tradisjonell nynorsk slepp ein stort sett å synsa om kva for former flest folk vil føla seg heime med, kva former som er mest nytta, og so bortetter. Nyttar ein a-infinitiv, vert dei som talar e-infinitiv sure; nyttar ein e-infinitiv, vert dei som talar a-infinitiv sure (medan dei som talar apokope aldri vert nøgde). Dei som seier noko som liknar mest på fyrst vil helst lesa fyrst, dei som seier noko som liknar mest på først vil helst lesa først. Og soleis held det fram.

Tradisjonell nynorsk gjev i hovudsak eineformer og soleis ingen val.

Njardarlogar (talk)15:47, 8 November 2012

Då skulle du vel ha halde deg til den målforma som var nytta i meldinga frå før? Å nytta tradisjonell nynorsk for å begrensa valfridomen og ha ei enkel rettesnor er ikkje noko godt argument. Det er ikkje vanskeleg å laga ei anna rettesnor.

Guttorm Flatabø (talk)15:53, 8 November 2012

Nei, av di endringa var omfattande. Sjå før og etter. Regelen går ut på at ein ikkje skal endra berre for å endra målform. Det vert jo litt tilfeldig kvar ein set grensa, men om den nye teksten er 60% ulik eller meir (utanom bytet av målform), bør ein vera på trygg grunn. Det set sjølvsagt til grunn at ein ikkje omformulerer ekstra berre for å få endra målform.. (historikken til den lokale kjeldemeldinga ligg her)

Det er vanskeleg å semjast om ei anna rettesnor, det er poenget mitt.

Njardarlogar (talk)16:06, 8 November 2012