MediaWiki:Prefswitch-main/nn

From translatewiki.net
Ein skjermdump av det nye navigasjonsgrensesnittet til Wikipedia (større)
Ein skjermdump av det grunnleggjande sideendingsgrensesnittet (større)
Ein skjermdump av den nye dialogboksen for å leggja inn lenkjer

User Experience Team hjå Wikimedia Foundation har jobba med friviljuge brukarar for å gjera ting enklare for deg. Me er glade for å kunna dela betringar, inkludert ein ny utsjånad og enklare endringsfunksjonar. Desse endringane skal gjera det lettare for nye bidragsytarar å koma igang, og er baserte på brukarvenlegheitstesting utført det siste året. Å betra brukarvenlegheita til prosjekta er prioritert hjå Wikimedia Foundation, og me vil dela fleire oppdateringar i framtida. For fleire detaljar, vitja det relaterte vevlogginnlegget frå Wikimedia.

Dette har me endra

  • Navigasjon: Me har betra navigasjonen for lesing og endring av sider. No syner fanene på toppen av kvar sida klårare om du ser på innhaldssida eller diskusjonssida, og om du les eller endrar sida.
  • Betring av endringsverktylinja: Me har har omorganiserty endringsverktylinja slik at ho er enklare å nytta. No er det enklare og meir intuitivt å formatera sider.
  • Lenkjehjelp: Eit verkty som er enkelt å nytta lèt ein leggja til lenkjer til andre wikisider i tillegg til eksterne sider.
  • Søkjebetringar: Me har betra søkjeframlegga slik at du kjappare skal landa på sida du er ute etter.
  • Andre nye funksjonar: Me har òg introdusert tabellhjelp som gjer det enklare å oppretta tabellar og eit søk-og-erstatt-verkty som gjer det enklare å endra sider.
  • Wikipedia-logoen: Me har oppdatert logoen vår. Les meir på Wikimedia-vevloggen.